Behandling

Antiviral behandling mot hjernekreft

For de av dere som ikkje var på årsmøte, så donerte Hjernesvulstforeningen kr 300 000,– til en antiviral behandling mot Hjernekreft. Donasjonen kom som følgje av de mange minnegavene vi har fått de senere år.

Einar Vik Moe

Referent

Glioblastom er den vanlegaste forma for hjernekreft, og er ein svært alvorleg sjukdom som ikkje kan kurerast. Likevel nyttar ein kirurgi, strålebehandling og cellegift for å auke levetida så lenge som råd. Med ein så alvorleg sjukdom er det mange terapeutiske strategiar som er utprøvde. Ei tilnærming som det har vore merksemd rundt spesielt det siste året, er antivirale medisinar.

Årsaka til at glioblastom oppstår er ikkje forstått. Ein hypotese er at veksten av slike svulstar akselerer på grunn av virus. Det er kjent at virus er årsak til kreft i livmorhalsen, kreft i hovudhals området og i immunceller (lymfekreft). Ein liknande mekanisme kan ein tenke seg i hjernekreft. Cytomegalovirus (CMV) er ein mogleg kandidat. Viruset gjev ein infeksjon som minner om kyssesyke (mononukleose) med sår hals, feber, hovudverk og slappheit. Etter at den akutte sjukdomen er over vil viruset oftast gå i dvale inne i cellene i kroppen. Der kan det opphalde seg i mange tiår før det igjen kan blomstre opp dersom immunforsvaret til pasienten blir svekka. Nesten alle i Norge (rundt 60 prosent) er infisert av dette viruset og har det med seg i nokre celler i kroppen. Under kreftutvikling kan ein tenke seg at dei signala kreftcellene treng for å vekse blir forsterka av signal frå viruset.

Fleire forskingsgrupper har jobba med metodar for å påvise om CMV-viruset er til stades i glioblastom. Ved vanlege etablerte metodar finn ein ikkje viruset, men med spesialtilpassa teknikkar har nokre forskingsgrupper identifisert delar av viruspartiklane i snitt av hjernesvulstar. Metoden er omdiskutert, og ved nøyaktig undersøking av arvematerialet i hjernesvulstar (sekvensering), har ein ikkje kunne påvise viruset. Om CMV er til stades i svulstane eller ikkje er difor eit omdiskutert og kontroversielt tema.

Basert på dei eksisterande prekliniske data (laboratoriedata) har grupper både ved Duke University i North Carolina og Karolinska sjukhuset i Stockholm forsøkt målretta behandling mot CMV. Den svenske gruppa publiserte i fjor preliminære resultat i eit av verdas mest prestisjefylte tidsskrift. Tolkinga av dei svenske data er komplisert. Desse data er basert på såkalla subgruppe-analysar, noko som gjer at det er statistiske problem ved tolkinga, og dei må difor stadfestast. I utgangspunktet gjorde dei ei samanlikning mellom pasientar med glioblastom som fekk standardbehandling utan tillegg av eit antiviralt medikament, og pasientar som fekk same behandling men med tillegg av eit antiviralt medikament. Dei fann då ingen overlevingsforskjell mellom dei to pasientgruppene. Om dei derimot spesifikt undersøkte dei av pasientane i denne studien, og andre pasientar dei hadde behandla, som hadde fått antiviral behandling lengre enn seks månader, fann dei ein auke i median overleving frå 13,5 til 30,1 månadar. Dette er sjølvsagt eit svært interessant resultat, men sidan dette er ei såkalla subgruppe-analyse, er det usikkert om resultata faktisk er reelle. Fleire leiande røster innan nevroonkologisk behandling har reist svært kritiske spørsmål rundt studien og ikkje minst subgruppe-analysen.

Ved Oslo universitetssjukehus ønsker vi å gjere ein studie for å teste effekten av denne antivirale behandlinga. Medikamentet har vore brukt for å behandle virusinfeksjonar i mange år og biverknadene er få og kan i dei fleste tilfelle kontrollerast. Vi planlegg å behandle alle pasientar med virusmedikamentet i eit gitt tidsrom. Dette vil gjere at vi kan samanlikna resultata frå behandlinga med dei resultata vi har frå den behandlinga vi nyttar no. Planlagt oppstart av studien er januar 2015, føresett at vi får innvilga resten av dei midla vi treng for å gjennomføre studien. Det kan nemnast at studien er godkjend av Regional etisk komite, ein manglar godkjenning frå Statens legemiddelverk.